
GURSKØYA RUNDT
Gurskøya Rundt er eit årlig sykkelritt for heile familia utan konkurranseklasse. Løypa er på knapt 47 km og du kan bruke godt tid rundt øya og nyte flott natur.

BJØRNAR TORVHOLM SÆVIK
BJØRNAR TORVHOLM SÆVIK

Gurskøya Rundt er eit samarbeid mellom Idrettslaga på Gurskøya: Tjørvåg, Gurskøy, Gursken, Gjerdsvika og Moltu. Rittet har start og målgong i same bygda som ein startar. Det vil kome meir info på sida vår etter kvart.
Du kan starte i alle bygdene som er med å arrangere løpet.
-
Tjørvåg – Stokksund skule
-
Leikong – Leikanger Kyrkje
-
Gursken – Klubbhuset ved grasbana
-
Gjerdsvika – Fredtun
-
Moltu – Moltu skule
Du melder deg på løpet og betalar ved oppmøte på ein av desse stadane mellom 11:00-13:00.
Startkontingent:
Vaksne kr 100,-
Born u/16 år kr 50,-
Familie kr 200,-
Hovudpremier:
Gåvekort sponsa av INTERSPORT FOSNAVÅG
Lokale premiar:
Sparebanken Møre
Premie til dei som har sykla 5-10 -15 - 20 år osv. Diplom
Sikkerheit:
Vi set sikkerheita høgt, derfor er Sørøyane Røde Kors tilstade på arrangementet. Dei stiller i år med ein konkurranse i løypa.
Vi ynskjer at alle syklar same veg, opp Leikongbakken og ikkje gjennom tunellen i Myrvåg. Følg skilting i dei ulike bygdene. Hjelm og refleksvest /fargerike kle oppfordrar vi alle til å bruke.
DU FINN OPPDATERT INFO OM LØPET PÅ SIDA TIL GURSKØYA RUNDT - SYKKELRITT/FAMILIERITT