top of page
nestleiar

"Eit langt lerret å bleike"

... Seie ordtaket, og det treff godt når det kjem til "prosjekt klubbhus" idrettslaget starta på tilbake i 2019. Huset og potensialet låg der, det måtte bere fram. Men, att det skulle ta så lang tid, hadde vel ingen sett føre seg.


Att dette tok tid handla for det meste om midlar, eller rettare sagt mangel på midlar. Derfor har vi måtte ta det langs med år for år, i takt med det som vi har lykkas med å få i støtte. Det ligg enormt mange tima bak i søknadsskriving for å få inn kroner og ører og man såg sjølvsagt mørkt på det når man gang på gang oppleve avslag og/eller mindre beløp som gjorde prosjektet til eit "lappeteppe" adeles. Men, "lyset" og den store redninga for prosjektet kom våren i år, då ein innvilga søknad om tippemidlar ramla inn i innboks og som igjen gav oss moglegheita til å kjøpe inn resterande og ikkje minst leige fagfolk for å sluttføre der ildsjelene hadde gjort sitt. Hadde ikkje den slått til, hadde nok prosjektet vedvart til 2030.


Så derfor vil vi først og fremst få takke alle som har våre innom å gitt eit ukjent antall (det er ekstremt mange) frivillige tima i form av rydding, sparkling, maling, snekring og skruing for å få det i den stand det fram står idag. Resultatet er vi nøgde med og det er no eit lokale som vi håpe skal gi mange glede av å kunne benytte, med de planene vi har for det i tida som kjem.



Eit lite knippe bilde frå det som har blitt gjort og resultat.


Kort oppsummert har huset innvendig fått oppgradering i form av

  • Nye golv

  • Maling av alle vegger

  • Oppgradering elektrisk

  • Ny kiosk/kjøkken

  • Nytt saniærrom

  • Nytt kontorrom

Og utvendig

  • Overbygg begge inngangar

  • Overbygg/platting til serveringsluke

  • Platting tilknytt side inngang

  • Oppgradering av uteområdet til parkering

Med andre ord, mykje godt arbeid ligg bak.


Gjennom årene har forskjellige aktørar vore innom med sin kompetanse, så vi seie tusen takk til....


STÅLE BERGE A/S - Røyrlegging og oppkobling Jets-system

PROTON ELEKTRO A/S - Oppgradering elektrisk

B. TARBERG A/S - Planering og graving

FJORDENE GLASS A/S - Diverse bygging

SUNNMØRE VENTILASJON A/S - Beslag til beskyttelse av røyr

K. TARBERG - Røyr og septiktank nedfelling


....for tolmodigheit, gode prisar og arbeidet de har gjennomført på dykka felt.


Vidare vil vi takke...


BYGGTORGET HERØY

BYGGTORGET KJØKKEN

JETS VACUM AS


....for god hjelp og gode prisa iht handel av materiell.


Og sist, men ikkje minst må vi få takke de som har gitt midla i støtte til att dette no er realisert,


SPAREBANKEN MØRE - Teft midla

METIZOFT A/S - Pengegåve

HERØY KOMMUNE - Innvilga søknadar på kulturmidla

MOLTUSTRANDA VASSLAG - Pengegåve

HAVGROUP ASA - Innvilga søknad

MOWI A/S - Innvilga søknad

SPAREBANK 1 - Spleis


utan desse bidraga, hadde vi ikkje no kunne sagt: ENDELEG FERDIG. :)

(sjølv om det nok kjem småting heile veien framover også)





Hovudsponsorar for Moltustranda idrettslag er


















Kommentarer


bottom of page