top of page

Fakkeltog og fyrverkeri frå Storhanen nyttårsaften!

Godt nytt år!


Vel 40 born og vaksne var med på fakkeltoget på årets siste dag i 2023! Det var kjekt at så mange trassa både vind og glatt føre og deltok i fakkeltoget. Svært sprekt av gjengen som tok turen til Storhanen denne kvelden. Svært flott med fyrverkeri derifrå, sjølv om vér, vind og litt mangel på folk gjorde vardebrenning vanskelig. Men, oppmodar fleire til å ta del i denne flotte turmarsjen no i 2024! Rakett-oppskyting frå både Storhanen og Butikken var flott i det klare vêret.

På butikk-området vart det servert gløgg og pepperkaker og folk kunne "mingle" med god prat og kos rundt bålpanna.

Moltustranda IL er godt nøgde med arrangementet og håpar at endå fleire vil vere med og ta del i 2024.


Siste innlegg

Se alle

Søndagsskule på Moltu bedehus

Våren 2024: Følgjande søndagar kl. 11.00: 28. januar 11. februar 3. mars 17. mars 7. april 28. april 26. mai (avslutning) Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne! Venleg helsing Brit-Hilde og Inger Anne

Moltu bedehus

Møte på Moltu bedehus: Onsdag, 14. februar kl. 19.30 Torsdag, 15. februar kl. 19.30 Tale ved Harald Runde Misjonsgåve Alle er hjarteleg velkomne til ei fin stund på Bedehuset! Den indre sjømannsmisjon

bottom of page