Når Sunnmøre Fotballkrets ber inn til galla og prisdryss der Moltustranda IL var blant dei nominerte i klassen årets miniarrangør, ja då måtte vi sjølvsagt være representert og sende derfor avgårde dei to driftige kjellene, Julie (leiar for fotballgruppa) og Monica (lagleiar for J9) som også sto bak organisering av miniturneringa vi hadde den 30/9.
Planane var sjølvsagt lagt for att vi skulle arrangere denne på heimebane, men september var frykteleg våt på søre luten og med ei grasbane som ikkje klarte å fordøye alt regnet, måtte vi få daga før dato bere innsjå att dette ikkje gjekk. Så då måtte det omrokering til og lån av bana til vår gode nabo Tjørvåg IL ordna.
30 lag, 46 kampa og rundt 200 unge og ivrige fotballspelara + foreldre og andre tilskodarar på sidelinja gjorde stadion der folksomt dei 6 timane det pågikk. Det holdt seg jaggu meir eller mindre opplett heile dagen også.
Så med tanke dei ekstra utfodringane det gav oss å arrangere, var det kjekt å kunne være blant dei nominerte og ikkje minst var det EKSTRA kjekt å vinne prisen. :)
Her har to stolte kjelle mottatt prisen :)
Så vi må bere takke dei som sto bak nominering og stemmegjeving på oss, sånn det ikkje bere vart gratis mat på kjellene, men også ekstra bagasje på vei heim. ;)
Vil også igjen få takke alle foreldre og andre som stilte opp den dagen og gjore det mogleg å gjennomføre miniturneringa. :)
Begrunnelsen for prisen:
Dei hadde god logistikk og organisering på turneringa, med lite ventetid mellom kampane. I tillegg opna dei opp gymsalen slik at borna kunne leike der mellom kampane. Dei hadde fokus på «grønt arrangement» ved å bruke BAMA pappbeger til frukt, bestikk i tre og hadde arrangementet hadde nok søppeldunkar rundt om på stadion. Det som var igjen av mat og frukt vart delt ut på kampane veka etter miniturneringa. Kiosken hadde sunne alternativ som pastasalat, frukt og smoothie, i tillegg til å ha glutenfrie alternativ, seier dagleg leiar i Sunnmøre Fotballkrets Bjørn Oskar Haukeberg.
Våre sponsora
Comentários