top of page
  • leiar8

Møte på Bedehuset


I kveld er det nytt møte på Moltu Bedehus kl 1930, gjestetalarar er Kjell Ove Sandvik og Peder Almedal.


Kjell Ove Sandvik som skal dele av sitt liv og forkynne Guds Ord.

- Han er født i 1969 og vaks opp på Garnes i Ulstein kommune. I 15 år satt han med begge beina djupt planta i rusmiljøet på Sunnmøre. Livet hans gjekk i ein bratt nedoverbakke og kvardagen var i hovudsak prega av rusmisbruk. Men, i februar 2019 møtte han ei kraft som er tusen gongar sterkare enn amfetaminrus, og han vil fortelje om korleis dette skjedde


Peder Almedal og stiftelsen Lys Over Land har vore stødige søyler i Kjell Ove sitt liv etter at han vart frelst. Dei reiser rundt med evangeliet og sprer lys over land og menneske. Her har noko å glede deg til!


Hugs at - uansett kven du er, kor du kjem frå, kva livssituasjon du er i, eller korleis veka di har vore, så er du hjartevarmt velkomen til møte i bedehuset.


Med vennleg helsing Moltu Bedehus

Comments


bottom of page