top of page
Forfatterens bildeMoltustrandigen

Dette er Moltustrandingen

Oppdatert: 4. okt. 2023

Bygdelaget Moltustrandingen vart skipa i 1972, og var aktivt fram til 1980. Bygdelaget vart starta opp på nytt i 2009, og dei opprinnelege statuttene vart reviderte.



Moltustrandingen sitt formål skal vere å fremje innbyggjarane sine felles interesser i bygda. Alle som har fyllt 16 år, og som er busett eller har tilknyting til bygda, kan vere medlemmar i laget.


Laget si øvste myndigheit er årsmøte.

Årsmøte haldast innan utgangen av februar månad, og må vere annonsert med 4 vekers varsel. Forslag til årsmøte må vere sendt inn til styret innan 2 veker før årsmøte, og sakene skal vere tilgjengelege for medlemmane minst ei veke før.

Årsmøte kan berre fatte vedtak i dei sakene som er sette opp på innkallinga.

Alle med tilknytning til bygda har rett til å møte på årsmøte, og alle frammøtte har talerett. Det er kun dei som betaler kontingent som har stemmerett, og pliktar å vise fram sin rett.


Bygdelaget Moltustrandingen sette i gong eit prosjekt med å bygge ei "Kvile- og lesehytte" ved Kviletua på Moltufjellet. Gjennom søknad på prosjektmidlar og dugnad, vart "Kvile- og lesehytta" ein realitet. Hausten 2019 vart den offisielt opna, og den har vore flittig i bruk sidan då av både turgåarar og andre. Her er bøker som ein kan låne, og diverse brettspel. Det er også muligheit for å fyre i omnen. Det blir blant anna arrangert historie- og strikkekveldar og mykje anna kjekt her. Følg med på Facebookgruppa "Moltustrandingen" og her på sida, om komande arrangement på "Kvile- og lesehytta".



Styret i 2023:

Magnar Lillestøl, leiar, tlf 97020480

Atle Barry Skorpen, kasserar, tlf 99524406

Johanne Moltu Lundberg, skrivar, tlf 41279215

Anett Skorpen Tarberg, styremedlem, tlf 90798596

Mia Torvholm, styremedlem, tlf 95037050

Svein Ove Moltubakk, Vara 99272158


Valkommite:

Idar Tarberg

Kjell Sandvik


Årskontingent for medlemskap i Moltustrandingen er pr 2023: kr 100 for person, kr 200 for familie.

Betaler du kontingent har du stemmerett på årsmøte!


Kontonummer: 3910 37 99698 Vipps: 511682


Vi engasjerer oss for ei levande bygd! Har du idear til gode tiltak for felleskapet, ta gjerne kontakt med styret😊

Siste innlegg

Se alle

Søndagsskule på Moltu bedehus

Våren 2024: Følgjande søndagar kl. 11.00: 28. januar 11. februar 3. mars 17. mars 7. april 28. april 26. mai (avslutning) Vi ønskjer alle...

Comments


bottom of page