top of page
leiar8

"MOSKUSEN PÅ GURSKØYA"



Møt opp på Moltustranda Grendahus i morgon, søndag 26 nov kl 14.00, og få med deg eit spennande foredrag av Kjartan Haddal med temaet "Moskusen på Gurskøya"


Kjartan har samla historie i lang tid frå fjernt å nært, og har lagt ned mykje innsats i dette. Jobben han legg ned her er med å sikre at historier som ellers er i ferd med å dø ut, kan leve videre gjennom foredraget, og dermed skrive seg inn i historien.

– Eg innrømer det glatt; eg har nærast blitt fiksert på historia om moskusane på Gurskøya. Opp gjennom åra har eg skoga tak i mykje informasjon, men det manglar framleis nokre hol.




Det seier Kjartan Haddal, som vaks opp i Aurvågane i Indre Herøy og i dag bur i Ulsteinvik. Pensjonisten er særleg oppteken av å fine ut nøyaktig kva tid, og korleis, historia om moskus på Gurskøya tok slutt.


I forbindelse med foredraget sel vi laksemiddag, kaffi og kaker.

Med på kjøpet får du ein opplevelse gjennom Kjartans foredrag og kjekt sosialt samvær

Vi oppmodar om å vere ute i god tid før foredraget starter kl 14.00. Vil også oppmode om å kjøpe middagsbong allereide før foredraget. Dette vil avlaste kjøkkenet, og hindre evt. middagskø.

Det er og mulig å melde seg på på førehand om du skal ha middag, påmelding til undertegnede pr tlf eller sms: 95131192

Mvh Ingar Warholm

Comments


bottom of page