For ein vellykka dag...
Ja, vi må nesten få understreke det, når vi først skulle be inn til opning av klubbhuset og det klaffa med været og godt oppmøte. Ditte var kjekt. :)
Vi starta sjølvsagt det heile med eit "symbolsk" snor klipp, for å gi det ei lita markering og det var Rebecka S. Pettersen så fekk æra av å utføre oppdraget, før vi...
Snor klipp utført av Rebecka, heldigvis var saksa skarp nok. ;)
...opna dørene for publikum som hadde møtt opp til starttidspunktet. Eller gjestane må vi nesten seie, vi baud nå dei tross alt inn til "fest" :)
I tillegg til pylse, vafle og anna "godis" var det sal av brensnut, og trur dei fleste syns det var grei lunsj, for ei stor panne av det gikk unna. Trur også dei fleste syns den var god. ;)
Alle såg ut til å kose seg og ein jamn straum med folk var innom dei 3 timane vi hadde satt av. Praten gikk rundt borda, ongane fekk utfolde seg både inne og ute og fekk også utdelt gratis is. :)
Eit lite knippe med bilder
Vi ønske å takke alle som kom innom å delte dagen med oss, her representert av de 4 driftige kjellene som er med i styret og som sørga for alle fekk servering idag.
Frå venstre: Camilla, Torill, Lisa og Julie.
Til info så vil klubbhuset snart kome på markedet for utleige, vi kjem med meir informasjon om ditte etter kvart. :)
Ekstra takk til Rema 1000 - Fosnavåg, som sponsa oss ingrediensane til brensnuten.
VÅRE HOVUDSPONSORAR ER
Comments