top of page
Forfatterens bildeMoltustrandigen

Strikke- og lesekveld på Kvile- og lesehytta

Hausten er komen, og med fyr i omnen er det ekstra kosleg å tilbringe ein haustkveld med strikking, lesing, kjekke historier og god prat i Kvile- og lesehytta!


Mange trossa vér og vind for ein hyggeleg kveld i Kvile- og lesehytta på Moltustranda.
Mange trossa vér og vind for ein hyggeleg kveld i Kvile- og lesehytta på Moltustranda.

Hittil i haust har det vore arrangert to strikke- og lesekveldar i Kvile- og lesehytta, og med godt oppmøte på begge! Første kvelden møtte 9 stk, andre gongen var det 11 stk som trossa vér og vind og sørga for at det vart ei triveleg stund saman. Dette er kveldar med blant anna opplesing av dikt eller historier, strikking, hekling og god prat med ein hyggeleg gjeng.


Der er alltid plass for fleire om du ønskjer å vere med neste gong! På framsida av www.moltustranda.no på komande arrangement, kan du finne datoane for nye strikke- og lesekveldar. Det heng også plakat på butikken på Moltu og inn på "Moltustrandingen" på Facebook.


Tysdag 17. oktober kl. 18.30 Tysdag 31. oktober kl. 18.30


Ta med deg strikketøyet eller anna handarbeid, noko godt å drikke og ein liten matbit, kanskje har du eit dikt eller ei historie på lager som du vil dele med dei andre?

Velkomen skal du vere for ei triveleg stund i godt lag i Kvile- og lesehytta på Moltufjella!

Siste innlegg

Se alle

Søndagsskule på Moltu bedehus

Våren 2024: Følgjande søndagar kl. 11.00: 28. januar 11. februar 3. mars 17. mars 7. april 28. april 26. mai (avslutning) Vi ønskjer alle...

Comments


bottom of page