Fargeskifte. ;)
- Moltustranda IL
- for 1 døgn siden
- 1 min lesing
Som sikkert fleire av dykk alt har lagt merke til, har bygningane på Munkvoll fått eit meir dempa preg ila av sommaren. Intuisjonen med fargevalet var å la dei gli litt meir inn i terrenget, noko vi i MIL synes å ha lykkast med. :)
Behovet for maling av bygningane var der uansett, og takka vere ein innvilga søknad frå MOWI-fondet på midla til akkurat dette, kunne MIL også få gjennomføre det og ynskje derfor å takke MOWI for summen vi fekk tildelt. :)

Vi ynskje også å takke Byggtorget Herøy for gode prisa og god service på maling og utstyr, samt ei stor takk til Lennart Moltu og Jostein Moltu som står bak påføring med rull og pensel. :)


Comments