Fornying
- nestleiar
- for 2 døgn siden
- 3 min lesing
Som kanskje mange har fått med seg har det skjedd ein del på anlegget siste året, så då er det på tide å gi ære og takk til dei som står bak att dette har vårte ein realitet no når det er ferdigstilt. :)
Alt starta i fjor haust, då idrettslaget fekk innvilga ein søknad frå Sparebankstiftelsen på 150.000 kr, noko vi sjølvsagt er svært takksame for. Denne var i utgangspunktet tiltenkt eit prosjekt, men når vi såg langs med att midlane holdt til andre ting, er vi også svært takksame for Sparebankstiftelsen lot oss bruke midlane "fritt" på det som vi trengte og ynskja mest.
Som sagt, midlane skulle gå til eit prosjekt, nemleg innbyttarskur på Munkvoll gras og dette oppdraget var vi så heldige att Byggfaglinja ved HVS tok på seg. :) Så dei brukte vinteren til å tegne/bygge rammeverket på skulen, som då kom med lastebil på våren og ferdigstilt på plassen.



Så ein stor takk til elevane og lærarane som tok på seg oppdraget og leverte til terningkast 10 på innbyttarskura. :) Når vi var så heldige å få bruke midlane fritt, vart det også satt i sving bytte av begge dørene ved garderobene til idrettslaget, desse rakk byggfaglinja å sette inn, men ikkje sluttføre då dei har mange jern i elden og oppdrag. Forståeleg nok, når dei gjere ein sånn god jobb. ;) Så her må vi seie tusen takk til Jan-Ivar Berstad som utan å nøle tok på seg å fore ut, samt liste inn og utvendig på dugnad. :)

Vidare bruk av midlane gikk også til garderobene, der vi no har fått skifta ut alle dei gamle lyspunkta med LED, dette oppdraget tok BRA ELEKTRO på seg og vi ynskje å takke for god pris og ikkje minst den snarlege utførelsen frå dykk.

Så vi er rett og slett audmjuke for det vi fekk tildelt og syns også vi har utnytta midlane godt mtp det som har vårte gjort. :) Siste slump av midla har vi forresten fått kjøpt inn grunning og maling for, som skal gi ei fornying i garderobene gjennom vinteren. Som bilde over gjenspeila, det trengs også. ;)
SIST, MEN IKKJE MINST!
Her er 3 kara som fortjena ei stor takk frå oss i idrettslaget, for det frivillige arbeid på anlegget i år. Vi skulle gjerne hatt fleire som dykk i sving skal seiast.

Dei he bl.a rydda rundt om på anlegget, bygd forskaling og støypt til både innbyttarskura og det som forhåpenlegvis ein vakker dag vert ei lita garasje til traktor og utstyr, samt satt opp nye meter med gjerde til reklameskilt. Utan dykk og innsatsen, hadde det ikkje vårte mykje av prosjektet som vart satt i sving, så igjen TUSEN TAKK. :)



Idrettslaget går spennande tide i møte i skrivande stund, men enn så lenge er dette frå oss til dykk involverte med stor takk. :)
Vi vil til slutt også takke Byggtorget Herøy for gode prisa på material/dører+++ og veiledning på både det eine og det andre i prosjektet, samt Sunnmøre ventilasjon for montering av beslag på innbyttarskura. :)



Kommentarer