top of page

Folkefest i fjellheimen!

Sædalsmarsjen 2025: Fjellet, folk og felleskap i fokus.


I ny drakt samla Sædalsmarsjen 2025 folket til ein sosial og musikalsk fest i fjellheimen.

Ver-meldarane sine prognosar slo til og gav marsjgåarane stort sett opphaldsver,Kristi himmelfartsdag, sjølv med ein elles våt både start og slutt på dagen.

19 gjekk heile turen over fjellet, medan mange fleire nytta seg av halv løype og også turen til Mørkevatnet.




Det vart ein fin dag på fjellet og ved Lese-og Kvilehytta var det stort besøk både av bygdafolk og av andre utenbygds på kafeen. Fjellkafeen vart ein stor suksess og ein arena for fjellkonsert med Moltukorpset og deira dirigent/saksofonisten, Håvar Olsen.


Eit reisefølge frå Nederland fekk nyte «eit skikkelig stykke Noreg» med både korpsmusikk og saksofon-tonar til «Mellom bakkar og berg» og «Vitae lux» med dei fantastiske Moltufjella og Sædalen som kulissar!

Reint magisk og rørande vakkert for dei frammøtte.


Tusen takk til alle som deltok, små og store!

Takk til styret i Moltustrandingen for hjelp til fjellkafeen, takk til Moltukorpset og dirigent, Håvar Olsen, for musikken.


Vi møtes att neste år, Kristi Himmelfartsdag, set av dagen!




Hjarteleg helsing


Trim og Aktivitet

Moltustranda IL


Følg oss gjerne på Instagram

 
 
 

Comentarios


bottom of page