Georeg
- trim027
- 30. apr.
- 1 min lesing
Moltustranda IL, Trim og Aktivitet, tek i bruk «Georeg» for registrering av fjelltrimmen frå 1. mai.

Fleire lokale idrettslag nyttar alt denne appen for registrering og dei har god erfaring med bruken av denne. Vi kjem framleis til å ha bøker i kassene ved turmåla og oppfordrar alle til og nytte dei. Registreringane kjem godt med når vi skal søke midlar og støtte til ulike tiltak.
Last ned appen og register deg på www.georeg.no
Slik registeret du deg og registerer turmål: https://www.georeg.no/brosjyre-19.pdf
Alle kan vere med i fjelltrimmen. Inne i appen får du full oversikt over turane og poenga dine.
Medlemmar i Moltustranda IL blir med i konkurransen om fine premiar. Sesongen varer frå 1. mai til 31. oktober.
Desse turmåla er med:
Hidsegga 3 poeng
Tarbergtua 3 poeng
Sollia 4 poeng
Syrebakkane. 3 poeng
Hestefjellet 4 poeng
Selsteinen 3 poeng
Storehanen 3 poeng
Rysseviktua. 3 poeng
Blåfjellet 3 poeng
Mørkevatnet 2 poeng
Kvia 1 poeng
Vi ynskjer alle god tur!
Trim og Aktivitet
Moltustranda IL
Ved spørsmål, ta kontakt:
Comments