top of page

Klippekort-salg fjelltrim 2024!

Oppdatert: 30. apr.

Etter nokre år pause er fjelltrim-klippekorta tilbake.

Det er plassert ut klippekort-klyper på 13 ulike turmål. Klypene er festa på stolpane ved turmåla og er merka med «Trim & Aktivitet».



Nytt av året er eit turmålet «Blåfjellet». Dette fjellet ligg nær Storhanen og de passerer der om de fyl råsa som fyl kanten/egga. Den er og merka frå råsa mot Storhanen. Sjølve postkassa med turboka ligg litt før toppen. Her finn de også klippekort-klypa.



Sal av klippekort på Coop Marked Moltu, men då kun betaling med Vipps.

Eller send SMS til 97681691 for kjøp, også mogleg med kontant betaling.



Pris 100,- per person

200,- per husstand


Vi har eit unikt fjell- og turområde, håper flest mogleg vil nytte seg av dette. God tur!


Med helsing

Trim & Aktivitet

Moltustanda IL

Commentaires


bottom of page