top of page

Sædalsmarsjen i ny versjon

Etter 35 år har interessa og deltakinga i Sædalsmarsjen gått ned. Gjerdsvika IL har pga låg delting avslutta arrangementet. Moltustranda IL vil gjerne halde fram, men då i ein ny versjon.

Vi i Moltustranda IL vil nytte høvet til å takke Gjerdsvika IL for det gode samarbeidet i alle desse åra.


Dei som tidlegare har starta frå Moltu og har fleire løp kan halde fram med det og vil få uttelling for sine turar. Det vil naturleg nok ikkje vere noko arrangment eller kafé i Gjerdsvika.


Moltustranda IL vil i 2025 som under arrangementet i 2024 lage «pop-up» kafé ved Lese-og kvilehytta. Det var mange innom denne både turgåarar og kafé-gjestar. Det vil òg vere høve til å gå halv løype frå Lese-og kvilehytta.


Vi håpar på god deltaking i denne nye versjonen av Sædalsmarsjen! Kom gjerne og prøv halv løype! Turen gjennom dalen byd på flott natur!


Hjarteleg velkomne til Sædalsmarsjen 2025, Kristi himmelfartsdag 29. mai!


Trim&Aktivitet

MIL

 
 
 

Siste innlegg

Se alle
Påskekonkurranse 🐣

Kom å bli med i Påskeharen og Trim & Aktivitet sin påskekonkurranse! Påskeharen har innteke Moltustranda! Kvar dag frå palmesøndag til og...

 
 
 

Comments


bottom of page