Trim & Aktivitet er ei gruppe i Moltustranda IL som jobbar for trivsel, trim og aktivitet i bygda og for andre som vil besøke våre flotte fjellområder. Vi syt for at fjelltoppane og andre turmål har bøker som folk kan skrive seg inn i.
Vi vil jobbe for godt merka stiar og råser, og gjere dei lettare framkomeleg både med stirydding og kloppar/gangbruer.
Vi arrangerer Sædalsmarsjen ilag med, Gjerdsvika IL, på våren kvar Kristi himmelfartsdag. Og vi er også medarrangør til sykkelløpet, Gurskøya Rundt, saman med dei andre idrettslaga på Gurskøya. Dette løpet er siste søndag i august kvart år.
Dei siste åra har vi fått Stikk-UT-turar i kommunen vår og vi har 1-2 turmål i halvåret. Dette har blitt svært populært og trekk til seg mange Stikk-UT-entusiaster frå fjernt og nært, kjekt! Vi syt for merking og turskildringar.
Torill Myklebust, er ny leiar for Trim & Aktivitet og ynskjer å danne ei gruppe som vil være med i dette arbeidet. Leiar er fast styremedlem i idrettslaget og tek seg av møteaktivitet mm.
Så er du ein entusiast som brenn for frisk luft, turar og aktivitet, så er det deg vi leitar etter! Kanskje ynskjer du realisere eit nytt turmål som du har gått og tenkt på? Eller er du lei av og bli søkk våt på beina når du skal ut på din favoritt-tur? Kanskje har du ein aktivitet som du har ynskje om få istand? Eller rett og slett berre har lyst til å vere med. Då kan denne gruppa verre rette plassen for deg!
Vi ynskjer medlemmar frå alle aldersgrupper, kjønn, helsetilstand og fysisk form. Nytilflyttarar eller "garva" moltustrandingar, den som vil er velkomne!
Det er ynskjeleg danne ei gruppe som vil jobbe for trivsel, trim og aktivitet som kan nå ut, og gje eit tilbod til alle.
Kontakt:
Torill Myklebust
trim@moltustrandail.no
Tlf 97 68 16 91
Comments